IT_Drift IT Drift as
Maritastykket 11, 5730 ULVIK
Tlf. 56 52 79 70
MVA 980 409 678 NO
post@itdrift.no

Prisjustering frå 1. okt 2019


På grunn av svak kronekurs må IT Drift justere prisane.

IT Drift tilbyr tenester innan webhosting, e-post, domene samt utvikling og drift av tenester på nett. Det aller meste av kostnadene våre rundt desse tenestene, inklusiv arbeidskrafta, er kostnader vi har i utanlandsk valuta, USD og EUR.
Dette gjeld kostnader for domener, servere, programlisensar og nødvendige tenester frå eksterne leverandørar.

IT Drift har halde timeprisen til kunde uendra sidan 2013, noko som har kome kundane til gode. Prisane på tenester har vore omtrent uendra i samme periode. Sidan januar 2013 har valutaverdien på USD samalikna med NOK stige med 64%, og EUR har stige 36%. I tillegg har den generelle kostnaden på arbeidskraft auka.

IT Drift ønsker å oppretthalde gode og konkurransedyktige prisar ut til kundar. Når kroneverdien har sige gjennom dei siste åra, har IT Drift tatt meirkostnaden dette reelt sett innebærer. Men no har vi ikkje anna val enn å justere for kostnadsauken vår slik at driftsgrunnlaget for tenestene kjem attende til nivået vi hadde for 6-7 år sidan. Vi håper på forståelse for justeringa. Vi skulle kanskje ha justert gradvis gjennom åra som har gått, men i mellomtida har våre stabile prisar kome kundane til gode, noko vi håper er verdsatt. Dersom den norske krona styrker seg vesentleg i framtida, vil vi sjølvsagt ha grunnlag for å redusere prisane tilsvarande.

For aktive abonnement vil dei justerte prisane gjelde frå 01.01.2020.

Gjennomsnittleg prisjustering frå 1. okt 2019:
Domene: 30%
Web og e-post: 40%
Timeprisar: 50%

Publisert 12.09.2019


Kundar utan nettsider og e-post den 4. sept 2019



Her kan du lese om feilen som oppstod >>


Fiber med høghastigheitsnett


Vi har sameina krefter og kompetanse i Hardanger og slått saman nettet i Ulvik med nettet til Okapi (Eidfjord, Granvin, m.m.). I den samanheng byggjer vi fibernett i Ulvik. Her tilbyr vi også TV-kanalar.

Som breibandskunde i IT Drift vert du frå no av breibandskunde i Okapi, med samme kontrakt og vilkår som før. I tillegg til internett over trådlause linkar tilbyr vi no også fibernett.

Stadane i Ulvik der vi får flest bestillingar på fiber vert prioritert først med omsyn til utrullingsplan. Det trådlause nettet vil fortsetje å levere breiband til dei som ikkje vel fiber, eller bur slik til at det tek ei tid før fiberen kjem. Sjå Okapi sine sider for planane.

IT Drift vil fortsetje med å levere innhald på nett, som domene, nettsider, e-post med meir.

Første gong publisert 26.05.2017


Lyst på ny adresse ditt.navn@iUlvik.no? Bestill her!


I vår nye e-postteneste tilbyr vi epost knytt til fleire lokale domener. Det er meir stas å ha noko lokalt og spesielt enn gmail, hotmail - ikkje sant?

Her er nokon av domenene vi kan tilby e-postadresser til:
ditt.navn@iHardanger.no
ditt.navn@iUlvik.no
ditt.navn@iGranvin.no
ditt.navn@iKvam.no
...samt mange fleire.


Ta kontakt for bestilling >>

Her finn du hjelp til å legge inn nye e-postkontoar >>

Nettverksproblem?

Har du eitt eller annan problem med internett-sambandet, IP-telefonen din eller noko som du ikkje finn ut av? Ta kontakt og gi oss mest mogeleg konkret og detaljert informasjon, så skal vi forsøke å hjelpe deg så godt vi kan.
» Hovedregel ved problem som oppstår sjeldan: - Slå av og på alt utstyret du har. Problemet kan mellom anna skuldast støy på straumnettet.
» Problem som gjentek seg: - Noter kor ofte det skjer, og kva du gjer. Rapporter til oss. Det kan skuldast alt frå dårlege pluggar, kablar, nettverkskort i PCen, mange PCar på samstundes, programvare som går i bakgrunnen, trøbbel med ruter, antenner, - til radiostøy frå naboane.
Faktura på e-post
Kundesida di finn du her: nettbetaling.com

Har du spørsmål eller treng hjelp med motteken faktura eller purring, kontakt oss.
Heimesider og e-post

Heimesider frå 80,-/mnd

(99,20 inkl.mva)


 
Copyright © 2019 IT DRIFT AS